Ein ung mann som er busett i Ørsta har i Søre Sunnmøre tingrett fått ein dom på 10 månaders fengsel, fem av dei på vilkåra med ei prøvetid på to år.

I tillegg skal ha betale  20.000 kroner i bot, og skadeerstatning til  7 personar. Den høgste enkeltsummen er på 55.562 kroner er til forsikringsselskapet Møre-Trygd.

Bakgrunnen for erstatningane er vald og hærverk på bil.

To valdstilfelle i Ulsteinvik

To av valdstilfella skjedde ved Shellstasjonen i Ulsteinvik om natta.

Det første tilfellet skjedde i august 2015, då den fornærma vart merksam på at ein person heldt ei glasflaske opp mot ein annan person. Han gjekk bort for å hjelpe til, då han brått vart skalla v gjerningsmannen. Den fornærma fall i bakken, men klarte å ta seg for med den eine handa. Han hadde aldri sett eller snakka med gjerningsmannen tidlegare. Den fornærma vart truffen langs kjeven og opp mot tinningen, vart hoven og fekk blåveis.

Det andre tilfellet i Ulsteinvik skjedde i desember 2015, då han skalla til ein mann som var innom Shell saman med kjærasten sin. Denne mannen oppfatta at det var i ferd med å bli heitt mellom to personar ute på parkeringsplassen, og at den eine verka redd. Han gjekk derfor bort og spurde kva som skjedde. Like etter vart han skalla i andletet. Mannen fekk eit djupt kutt i leppa.

Dei andre valds- og lekamsfornærmingsepisodane har skjedd i ørstaregionen.

Med i dommen er også steling og hærverk av ein bil.

Med i domen