Det er ikkje lange stunda sidan offshorereiarlaget Rem vart ein del av Solstad Offshore ASA. Åge Remøy har no starta opp reiarlaget In Nor Vest saman med svensk-sveitsiske Magnus Roth og islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson, og måtte difor flytte ut av Rem Offshore sine kontor i Fosnavåg. Dei nye lokala til det nye reiarlaget In Nor Vest blir dermed i Diamanten, det ikoniske bygget som mellom anna husar Havila Shipping. Det skriv Nett.no.

Det nye selskapet har no leigd ein fjerdedel av ein etasje i Diamanten-bygget. Samstundes poengterer Åge Remøy at dei nye kontorlokala ikkje har noko med eit samarbeid med Havila å gjere.