Alf Johan Antonsen, lokallagsleiar og gruppeleiar i Ulstein Framstegsparti, meiner tysdagens store hending i det politiske Norge vitnar om kva type menneske Frank Sve er. Sve er tidlegare ordførar i Stranda og medlem av Frp sitt landsstyre som fylkesleiar i Møre og Romsdal Framstegsparti.

- Det at han no trekkjer seg, og heller vel å konsentrere seg om fylket og arbeidet vårt her, det viser berre kor stor han er. Han set partiet framfor seg sjølv. Det er imponerande, seier Antonsen.

Det var ei stund frykt for at det ville utvikle seg ein strid mellom listetoppane i kampen om den øvste plasseringa, noko som for alvor blei tema då innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug heilt og tydeleg sa at ho ønskte å vere på toppen.

- Når dei no har blitt einige seg i mellom, så er det heilt klart det beste som kunne skjedd, meiner Alf Johan Antonsen.

Men, det er til sjuande og sist under nominasjonsmøtet i Møre og Romsdal Frp 4. februar det blir heilt endeleg kven som hamnar øvst på lista.

Overraska

Antonsen fortel vidare at han er nøgd med korleis lista no truleg vil sjå ut, med Sylvi Listhaug på topp og landbruks- og matminister Jon Georg Dale på andreplass.

- Under årsmøtet vårt på fredag skal vi i Ulstein Framstegsparti gjere vår instilling. Vi har sagt heile tida at vi ikkje vil seie så mykje, før årsmøtet.

Antonsen fortel at han er overtydd om at dette ikkje blir det siste ein ser av Sve på den nasjonale politiske scena.

- Eg er overraska, men også glad for at det blei slik. Han vil framleis gjere ein god jobb for fylket, eg er på ingen måte redd for den biten. Han hadde fortent ein plass på Stortinget, og eg håper ikkje dette er det siste vi ser av han der. Han har mange år igjen.

Han trur samstundes at Sylvi Listhaug vil gjere det skarpt som listetopp.

- Eg trur at ho vil gjere ein meget god jobb for Møre og Romsdal. Det vil Jon Georg (Dale) også gjere, seier Alf Johan Antonsen avslutningsvis.

- Luksusproblem

Gruppeleiar for Framstegspartiet i Hareid, Truls Håbakk, meiner utfallet vitnar om kor sterke politikarar partiet har å velje mellom her i fylket.

- Møre og Romsdal Frp har eit luksusproblem med svært mange gode kandidatar til stortingslista. Frank Sve er ein dyktig politikar for Frp. Det står stor respekt av at han no trer til side for å sleppe fram Listhaug og Dale, seier Håbakk.