Gjennom dei snart ti åra han har drive galleri på Flø har Hugo Opdal opparbeidd seg eit enormt nettverk av kunstnarar. Han er ikkje i tvil om at det nye tilbodet med Artist-in-residence på Flø vil bli populært mellom kunstnarane.

Opp gjennom åra er det fleire kunstnarar som har etterspurt eit slikt tilbod, men tilbodet har ikkje vore der. Hugo har lenge tenkt på at dette var noko han burde få gjort noko med. Då han i haust høyrde på radioen at fylket hadde lyst til å få på plass nokre kunstnarbustader i Møre og Romsdal, var han snar med å hive seg rundt.

Fem prosjekt får støtte

Ordninga Artist-in-residence går ut på å tilby gratis arbeidsplass og bustad til profesjonelle kunstnarar frå inn- og utland, som ønskjer arbeidsopphald her.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer å stimulere til vidareutvikling av det profesjonelle kunst- og kulturfeltet i Møre og Romsdal, difor lyste dei ut prosjektstøtte til aktørar som vil utvikle toårig Artist-in-residence-ordning. Fylkeskommunen går inn med støtte på inntil 50 prosent, maks 150 000 kroner av kostnadene til kvart prosjekt.

I tillegg til Studio Hugo Opdal på Flø blir det i Volda, Surnadal, Sunndalsøra og Kristiansund.

– Styrker prosjektet mitt

Hugo Opdal er glad for å ha fått tilslag med fylket. Han meiner at den nye satsinga er ei fin vidareføring og styrking av prosjektet hans på Flø.

– Dette blir litt å dra prosjektet tilbake til utgangspunktet, der eg starta, med studio, seier Opdal.

Han vil setje inn ei dør på galleriet som kunstnaren kan få jobbe i fred, med utsikt over havet. Håpet er at kunstnaren vil la publikum sleppe til sundagar, så folk får sjå korleis ein kunstnar jobbar.

– Kunst er smalt. Folk flest har ikkje sett korleis ein kunstnar arbeider, det håpar eg at eg skal få til no. Og kanskje er det ein ung kunstnarspire som blir inspirert av dette og sjølv byrjar med kunst?, seier Opdal oppglødd.

Medan kunstnaren er på Flø kan han ikkje ha tradisjonell utstilling på galleriet, men kanskje kunstnaren sitt opphald på Flø kan munne ut i ei utstilling?

Ikkje berre biletkunstnarar

Fylket har sagt at han må leige ut til minimum tre kunstnarar i året på dei to åra det er pilotprosjekt.

– Det blir litt opp til kunstnaren kor lenge han eller ho vil vere her å arbeide, men det blir nok i dei fleste tilfelle ei til fire veker, trur han.

Opdal vil både ha etablerte og ferske kunstnarar her. Frå inn- og utland. Han er open for at mange slags kunstnarar kan vere på Flø ein periode, ikkje berre biletkunstnarar. Det kan like gjerne vere noko for forfattarar eller musikarar.

– Og i bygget er det gymsal, kanskje det blir konsert med Coldplay?

Bur på Feriesenteret

Hugo Opdal har brukt å hyse tilreisande kunstnarar på Flø Feriesenter, det tenkjer han også gjere no når dei skal vere på Flø for ein lengre periode.

Han ser føre seg at han må stille som sjåfør og hjelpar for kunstnaren.

Ta i bruk naturen

Opdal kjenner til kunstnarar som har vakse opp i New York, det kunne vore spennande å la dei få eit opphald og utfalde seg på Flø. Han ser føre seg at kunstnarane kan ta i bruk naturen og omgjevnadene på Flø i kunsten sin. Då Martin Schreiner var her i haust drog han inn både steinar og ei stor trerot.

– Ein eg har snakka med seier han gjerne til stå ute å måle.

Flø: Her vil kunstnaren få måle, lage musikk, skrive eller arbeide på anna vis, med utsyn mot havet. Hugo Opdal er ikkje i tvil om at det blir populært.