– I år blir det litt annleis, i og med at vi har gratis kart for alle, seier Ottar Pilskog, leiar i trimgruppa til Hjørungavåg IL.

Han fortel at kart vil bli delt ut i postkassene til alle husstandane i bygda.

– Ein kan også få kart med oss i styret i trimgruppa, fortel Pilskog og legg til:

– På denne måten er det store håpet vårt at vi får endå fleire deltakarar enn vi har hatt tidlegare.

Selde 250 kart

Før og under førre vintersesong, som blei avslutta rundt jonsok i år, blei det seld totalt 250 slike turkart. Diverre blei berre 50 av desse karta levert inn igjen.

– Men, vi hadde så god sponsorstøtte at alle fekk premie i fjor, seier Pilskog og smiler.

Same løypenettet

Trimleiaren kan også informere om at det blir same løypenettet denne sesongen, som i førre sesong.

– Sjølvsagt med andre bokstavar denne sesongen då. Men elles er det same turane og løypene, seier Pilskog.

Postane er ute, karta er produserte opp, og vintersesongen kan med andre ord ta til.

– Vi håpar sjølvsagt flest mogleg har lyst til å vere med. Bli med på tur du også! Dette blir kjekt, seier Ottar Pilskog.

Denne sesongen blir avslutta 1. juni neste år. Under uttrekkinga av premiar etter neste sesong blir dei som har tatt alle 24 postane prioriterte. Også dei ulike klassene ved skulen blir oppfordra til å gå på tur, og dei som samlar mest poeng vankar det pizza på, kan Ottar Pilskog fortelje.

– Ideelt for familiar

Nokon av dei ivrige fjellgåarane som gjekk turar i dei flotte fjella og åsane kring bygda i fjord var familien Jessen. Dei kan trygt anbefale fleire familiar å gå på fjellet.

– Det er ikkje mykje som er betre enn å samle heile familien og kome seg til fjells. Vi har så flott natur rundt oss her, at vi må nytte høvet når vi har det. Vi går mykje, og trivast med det alle saman, seier mamma Tine Helen Jessen til Vikebladet Vestposten.

Hausten er her, og det er ny sesong for vintertrimmen til trimgruppa til Hjørungavåg IL. Her ser ein frå venstre leiar i trimgruppa, Ottar Pilskog, Jorunn Ulstein, Ola Nedrelid, søskena Tormod og Helle Jessen og mamma Tine Helen Jessen med vesle Torkil på armen. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.