Hanne Notøy (Arbeidarpartiet) sit i Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal, som samrøystes valde å løyve inntil ein million til samanbinding av hamnevandringa ved Geileneset.

– Ulstein kommune er truleg den kommunen i fylket som over lenger tid grundig og på brei front har arbeida med by og stadsutvikling i kommunesenteret. Dette har ført til fleire prisar og omtale i nasjonale fagtidsskrift. Seinast i vår fekk Ulsteinvik pris for Saunesparken som Noregs beste uterom saman med Bjerkedalen park på Grorud i Oslo, står det i sakspapira til fylket.

Vidare skriv fylket at Ulstein har ei sentral rolle som delregionsenter på Søre Sunnmøre. For å sikre regionen sin attraktivitet, vil utvikling av Ulsteinvik som attraktivt kommunesenter vere sentral, meiner fylkesadministrasjonen.

Blir lagt merke til

– Eg merkar som fylkespolitikar at Ulstein kommune blir lagt merke til, seier Notøy til Vikebladet Vestposten.

Som kommunepolitikar i Ulstein er det veldig kjekt å lese dei rosande orda kommunen fekk i dei fylkeskommunale sakspapira. Det blir også vist til at kommunen samarbeider godt med lokalt næringsliv og fylket med å utvikle sentrum.

Hamnevandring

Ulstein kommune ønskjer å etablere ei hamnevandring/strandpromenade frå Saunesparken og heilt til småbåthamna ved Vikholmen aktivitetspark. Delar av strekket er ferdig. No hadde kommunen søkt fylket om pengar til utbygging av hamnevandringa på Geileneset. Opparbeidinga vil få ei universell utforming og gjere det meir attraktivt å gå eller sykle i sentrum.

Kommunen har i søknaden sett opp eit reknestykke der fylket betaler ein million, Ulstein kommune 1,259 million, Sameiet Geileneset 100 000 kr og Snorrebuda 899 000. Då er det også lagt inn pengar til ei flytebryggje.

Regional- og næringsutvalet gjekk samrøystes inn for at fylket løyver inntil ein million til opparbeiding av Geileneset. Tilskotet er avgrensa til 30,7 prosent av totale kostnader.

Vedtaket er endeleg.

Hanne Notøy likar godt at fylkeskommunen legg merke til arbeidet som blir lagt ned i Ulstein kommune med sentrumsutvikling. (arkivfoto)