På fylkesstatistikken for 2015 kom Ulstein heilt i toppen på  gjennomføringsgrad i  vidaregåande opplæring. Eitt år seinare hamnar Ulstein nær botnen i fylket.

I Fylkesstatistikken frå 2015, utgitt av Møre og Romsdal fylkeskommune vart det vist til at elevar frå Ulstein kommune hadde ei gjennomføringsgrad i vidaregåande opplæring på 83,6 prosent etter fem år. Berre Ørskog var betre med heile 89,7 prosent. Begge deler var langt over snittet, både for fylket og landet elles.

Då var Sande kommune på topp for elevar som fullførte på normert tid, med 69,4 prosent. Deretter kom Ørskog på 69 og Ulstein på 67,3. Også dette godt over fylkessnittet. I Hareid kommune låg ein på fylkessnittet for fullføring etter fem år, men noko under snittet på fullføringsgrad etter normert tid.

Tidlegare i oktober la fylkeskommunen fram nye tal gjennom den nye fylkesstatistikken, og den viser at Ulstein kommune har gått frå å vere ei av dei beste kommunane på gjennomføringsgrad, til å vere nærare botnen i fylket.

Klar nedgang i Ulstein

Frå 67,3 prosent som fullførte på normert tid er Ulstein no nede i 52,7 prosent. Berre fire kommuner er svakare i fylket. Etter fem år hadde 72,3 prosent av elevane fullført og bestått vidaregåande opplæring, men dette er framleis godt bak både landssnittet og fylkessnittet. Hareid hadde framgang både på normert tid og etter fem år, med spesielt stor framgang av dei som fullførte på normert tid.

Totalt sett gjekk fullføringsgraden i fylket opp, både i normert tid og for dei som fullførte i løpet av fem år. Dette er også ein tendens om ein ser lenger tilbake. Dei siste fem åra har fullføringsgraden jamt og trutt gått oppover både i fylket og i landet elles.

For elevane som tok til på vidaregåande opplæring i 2010 er det kvinnene som har høgast fullføringsgrad etter fem år med 80 prosent i fylket, medan mennene har 72 prosent. Gjennomføringsgraden for menn har auka frå 67 prosent i 2006-kullet, medan kvinnene har auka frå 76 prosent i same perioden.