Oskar Grimstad frå Hareid har vore fast representant på Stortinget sidan 2009, men han veik unna til fordel for Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale, på lista til komande stortingsval.

No har også Frank Sve varsla at han ikkje vil kjempe om første-plassen på lista til Møre og Romsdal Framstegsparti. Sve har i tillegg vore tydeleg på at han ikkje ønskjer å stå på 3.-plass. Dermed kan det vere duka for eit "comeback" for Oskar Grimstad.

Grimstad seier til Sunnmørsposten at han er disponibel for den plassen lokallaga og nominasjonskomiteen måtte ønskje å setje han på.

Grimstad meiner løysinga som kom tysdag, med Listhaug og Dale på dei to første plassane, er god, og at det var dette som var bakgrunnen for at han trakk kandidaturet sitt.

Han meiner det er viktig for Framstegspartiet at Listhaug får førsteplasen, og Grimstad ser ikkje bort frå at Listhaug kan kome til å bli vald til nestleiar allereie under landsmøtet til våren.

Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal Framstegsparti skal levere listeforsalget sitt til fylkesstyret 22. november.