- Som tidligare lokalpolitikar meiner eg dette er ein god og naudsynt ordning, varslar Oskar Grimstad i ei pressemelding.

Onsdag fremja Framstegspartiet eit forslag om at det må opnast for å kunne stryke kandidatar ved fylkesting- og kommuneval.

- Dette vil gi velgarane betre høve til å påverke kven som skal inn i kommunestyre eller fylkesting. Eit anna argument for å gjeninnføre strykmuligheita er også at dette kan bidra til å skape eit større engasjement og høgare valdeltaking, forklarer Grimstad.

Då den nye valloven for fylkes- og kommunestyrevalg blei vedteken i 2002, blei muligheita til å stryke listekandidatar ved kommunestyreval fjerna, medan ein framleis kunne kumulere kandidatar.

- Styrker lokaldemokratiet

- At FrP vil gjeninnføre stryking ved lokalval er eit viktig bidrag for å styrke lokaldemokratiet. Det er ein lite demokratisk ordning at velgarar kan gi personstemmer til kandidatar ein liker særs godt, medan deii ein ikkje likar, har immunitet mot velgarmeningar.

Ein rapport frå Institutt for samfunnsforskning fra 2009, skriven på oppdrag frå Kommunaldepartementet, konkluderer langt på veg med at strykeordninga var ei populær ordning som mange benytta seg av.

- Å stryke kandidatar er eit uttrykk for det veljarane meiner om kandidatane. Det at FrP no vil opne for stryking er ein logisk konsekvens av at ein alt har høve til å gjere positive endringar på vallistene. Eg håpar alle partia ser viktigheita av å endre lovverket slik at det igjen blir ein balanse i korleis veljarane kan påverke i lokalval framover, uttaler Grimstad.

Villig til å stå på 3.-plass: