Statssekretær Dilek Ayhan frå nærings- og fiskeridepartementet opna onsdag Fosnavåg nyskapingspark, til stor applaus frå dei frammøtte.

Ordførar Arnulf Goksøyr (H), May-Britt Roald frå Hoppid.no og Per Ronald Knutsen frå Sparebanken Møre heldt bandet, og markerte med det samarbeidet som står bak det flotte nye tilbodet. Det skriv Herøy kommune på sine heimesider.

Fosnavåg nyskapingspark er eit samarbeid mellom Herøy kommune, Herøy næringsforum, Hoppid.no og Sparebanken Møre. Kommunen vil stå for den praktiske oppfølginga av lokala og drifta, og Herøy næringsforum står som leigetakar av lokala. Hoppid.no har den faglege oppfølginga av ideeigarar i Herøy og sponsar eitt møterom, og Sparebanken Møre er sponsor for eitt av møteromma.

Herøy kommune, Hoppid.no og Innovasjon Norge skeiv så under ein ny fireårig partnerskapsavtale som sikrar sikker og god fagleg oppfølging for ideeigarar som ynskjer rettleiing. Kommunen kan også opplyse om at Robert Voldnes frå ÅKP framleis vil ha den faglege oppfølginga av ideeigarane i Herøy.