Investeringsramma på Eiksund skule er sett til 250.000 kroner, Flø skule får ei investeringsramme på 900.000 kroner.

Under debatten, som ikkje var lang, sa Eldar Knotten (V), leiar i Levekårsutvalet, at dette er ei sak som har gått over mange år, og at manglande opplysningar i saka gjorde at Levekårsutvalet hadde foreslått ei investeringsramme på 500.000 kroner på Flø skule.

- Telefonane byrja å kime

– Like etter at Levekårsutvalet hadde gjort vedtaket sitt, byrja telefonane å kime frå Flø og Eiksund, spesielt frå Flø. Og når alle opplysningar kom på bordet, forstod eg at det er viktig for Flø å få dei 900.000 kronene, sa Knotten.

Blant anna er kjøkkenet på Flø skule fjerna og brukt i eit anna husvære.

– Flø er kjend for vakker natur, Studio Hugo Opdal og Moods of Norway. Studioet har blitt ei merkevare for Ulstein, og det er viktig at dei har gode vilkår, sa Lisa Mari Breivik Anderson.

Gjer som Øvre Eiker kommune

Ho fortalde ei historie om Seljord kommune som for ein del år sidan kasta kunstnaren Morten Viskum ut av eit lokale. Han fekk i staden tilbod om å kome til Øvre Eiker.

– Der tok dei varmt imot han og gav han lokale i ein gammal, nedlagd fabrikk. Viskum starta Vestfossen Kunstfabrikk, som har blitt ein suksess. Eg meiner der er ein parallell. Vi må vere klar over at Studio Hugo Opdal er ein skatt for Ulstein kommune, sa Breivik Anderson.

Lisa Mari Breivik Anderson fortalde kommunestyret kor fint det hadde blitt for Øvre Eiker å tilby kunstnaren Morten Viskum lokale i ein nedlagd fabrikk. (Arkivfoto). Foto: Kirsti Helen Elvebu