- Det er litt skummelt, men mest av alt frykteleg spanande. Vikebladet Vestposten er ei tradisjonsrik og velfungerande avis, så det blir eit stort ansvar å føre avisa vidare inn i framtida, seier Linda Eikrem.

- Unik sjanse

Det er svært tøffe tider i mediebransjen om dagen, noko som har gjort at også Polaris-konsernet, som eig Vikebladet Vestposten, har blitt nøydde til å gjere grep. Konsernet har difor jobba for å få på plass ein eineleiar. Avisa går rundt påsketider neste år frå å ha éin disponent og éin redaktør til ein eineleiar. Linda Eikrem tek til i stillinga då.

Det etter ein grundig prosess, der fleire aktuelle kandidatar har blitt vurderte.

- Eg følte det var ein unik sjanse til å jobbe med journalistikk på heiltid igjen. No har eg vore i Volda i vel fire år, der eg har tatt ein mastergrad og jobba som lektor for journalistikkstudentane. Eg er veldig glad i jobben min i Volda, men eg har samstundes kjent eit sug etter det daglege nyheitsarbeidet, og har lyst til å kjenne på høg puls igjen. Ein kan vel seie det slik at eg kjende lukta av sagmugget, manesjen kalla. Så har eg vel også vore den einaste på pauserommet som har hoppa opp av stolen når sirener har ula forbi høgskulen, seier Eikrem.

Fascinert av lokaljournalistikk

Linda har alltid vore glad i lokaljournalistikk, og skreiv mellom anna masteroppgåva si med lokalaviser som tema.

- Lokalavisene er viktige i eit velfungerande demokrati. Ein skal informere og opplyse, og så mange stemmer som mogleg skal få kome fram. Det er ingen andre enn lokalavisene som er så nære lesarane og kjeldene sine. For at vi som opplyste borgarar skal fungere i eit demokrati, må vi følgje med i samfunnet. Følgje med på dei som har makta, dei som sit med pengane og avdekke maktmisbruk og overgrep, seier Linda.

Ho er opphaveleg frå Eikrem i Volda, men flytta til Ulsteinvik for 15 år sidan. Ho er gift med NRK-journalist Arne Flatin, og saman har dei tre born.

- Ei spanande utfordring

Frå 1994 til 2012 jobba Eikrem som journalist og vaktsjef i NRK Møre og Romsdal.

- Det meste av bakgrunnen min er innan eterjournalistikken. Eg har faktisk aldri jobba i ei lokalavis, det næraste eg kan kome er då eg jobba i lokalradio i Pasvikdalen i Finnmark, året etter eg gjekk folkehøgskule der, i 1991. Difor ser eg på dette som ei spanande utfordring, ei utfordring eg er klar for å ta.

I 2012 fekk ho eit årsengasjement som lærar ved Høgskulen i Volda, som etter kvart blei til fast jobb som høgskulelektor.

- Eg slutta i NRK då eg hadde tre små born og det blei for tøft med pendling og turnusarbeid med tidlege morgonar og seine kveldar. Eg gjekk frå ein trygg, fast jobb, til noko som ikkje var like trygt, men angra ikkje på det. No går eg frå denne jobben til nok ein ny jobb, men eg gler meg. Dette skal bli veldig kjekt, seier Linda Eikrem avslutningsvis.