På sist møte i levekårsutvalet kom det opp ei sak etter eit tidlegare innspel frå Terje Garnes Oterhals i Ulstein Senterparti. Han meiner kommunen bør ha ei ordning for å hjelpe familiar der foreldra blir sjuke, så nokon tar seg av borna.

På kommunestyremøtet for snart eit år sidan vedtok kommunestyret at administrasjonen skal leggje fram ei sak om heimebasert bistand til born når foreldra ikkje kan ivareta omsorgsfunksjonane grunna kortvarig sjukdom. Tilbodet skal byggje vidare på den individuelle tenesta kommunen allereie tilbyr, der kvalifisert personale gjer kvardagen til borna så trygg og føreseieleg som mogleg.

No har helse- og omsorgsetaten drøfta saka internt og sett på korleis andre kommunar tar vare på born og pårørande når ein forelder blir alvorleg sjuk. Dei har sett på rutinane i kommunen og meiner det er viktig å samordne tiltak med dei andre etatane i kommunen, det kan gjelde born i alle aldrar på ulike arenaer. Dei meiner det er viktig å fange opp så snart som råd og ha prosedyrar for korleis ein handterer situasjonen.

Med sakspapira til politikarane står det ein del om korleis prosedyrane verkar, og tilrådinga var at politikarane skulle ta saka til vitande.

Også for kortvarig sjukdom

Men levekårsutvalet gjorde eit anna vedtak. Etter framlegg frå Oterhals, Trond Berg (Kristeleg Folkeparti), Marianne Breivik (Arbeidarpartiet) og Aud Marit Wigg (Senterpartiet) vedtok seks mot tre røyster, å be administrasjonen utarbeide og kostnadsberekne eit prosjekt med familievikar som kan bistå heimen med praktiske hjelpetiltak når omsorgspersonar for born ikkje kan ivareta omsorgsfunksjonane grunna kortvarig sjukdom.

Kostnadsberekninga må presenterast for levekår innan juni 2017.

Saka skal vidare til kommunestyret.