Hornindal kommune har søkt om å få vere med i det interkommunale barnevernsamarbeidet mellom Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda.

Det er Volda kommune som her vertskommune for barneverntenesta, og dei har lokale i Volda Rådhus. Hornindal vil gå inn på dei same vilkåra som dei andre kommunane.

Hornindal kommune har i dag ein person i 20 % stilling for å dekke behovet for barneverntenester i Hornindal. Det er usikkert på om denne personen blir med i den eventuelle verksemdoverdraginga, står det i sakspapira til Ulstein formannskap. Det kan i så fall bli aktuelt å tilsette fleire, då ei ekstra kommune fører til ekstra arbeid.

Rådmannen i Ulstein rår formannskapet til å godkjenne at Hornindal får vere med i samarbeidet. Ulstein formannskap skal ha møte tysdag 6. desember.