Omlag kvart over fire i ettermiddag melde politiet på twitter at ei kvinne hadde gått seg fast på fjellet på Hareid. Det var tett tåke og difor vanskeleg å finne fram. Mannskap frå Røde Kors vart kalla ut for å hjelpe.

Det kom også melding om at kvinna var uskadd.

Regn og vind

I følgje Yr.no er det ein del regn og vind på Skafjellet, vindstyrke 11m/s.

Dei melder også OBS-varsel for i dag sundag og natt til måndag. Det er venta mykje nedbør, lokalt 30-55 mm på 12 timar og 60-85 mm på 24 timar.

I god behald

Like før klokka halv sju i kveld kom det melding om at mannskap frå Røde Kors har kome fram til kvinna og hjelper henne ned frå fjellet. Tett skodde og regn, men alt er OK.