Nyttårsaftan arrangerer Ulstein kommune felles fyrverkeri i Ulsteinvik sentrum. Det er oppretta som arrangement på Facebook der det står at initiativet kjem etter mange oppmodingar, og ikkje minst etter inspirasjon etter det fantastiske fyrverkeriet i samband med hundreåresjubileet til Ulstein hotell.

Det står at fyrverkeriet skal vere spektakulært og kunne vere både attraktivt og samlande for innbyggjarane i kommunen. - Om veret er på vår side kan det bli ein skikkeleg folkefest.

Fleire bedrifter er med på å sponse, men kulturkontoret håpar at også privatpersonar vil vere med å gje ein skjerv.