Ose slår fast i eit skriv til rådmannen at asbesten, d.v.s. krystallinske silikatmineralar med fiberstruktur, er kreftframkallande. Han har stengt eit kontor i rådhuset der det er mistanke om farleg byggestøv.

Støv

– Risikoen oppstår først når lause asbestfiber opptrer i form av støv som kan pustast inn, skriv Ose og held fram at asbestplater normalt ikkje er skadelege med mindre dei blir utsette for skader, bearbeiding eller andre påkjenningar.

– Risikoen er større med halvharde enn med harde plater. Påsprøyta asbest heftar dårlegare til underlaget og kan derfor lettare avgi støv ved reparasjon og riving, påpeiker Ose.

Asbest har vore forbode å bruke sidan 1980. Hareid rådhus vart bygt tidleg i 1960-åra.

– Mange er redde PCB-avfall

Samtidig peiker Ose på at det er på tale å skifte ut PCB-lysarmatura på rådhuset. Pengar ligg inne i budsjettforslaget, men Ose meiner å vite at sterke politiske krefter vil utsetje utskiftinga og bruke pengane til noko anna. Det ber Ose om at ikkje må skje, ettersom det alt har vore nokre episodar med at kondensatorane i desse lampane har sprukke.

– Usikkerheita gjer at mange av arbeidstakarane på rådhuset føler seg redde for å bli eksponerte for PCB-avfall, skriv han.

PCB er ei gruppe klororganiske samband, som er tungt nedbrytbare og tungt feittoppløyselege. Dei er vurderte til å medføre ein viss kreftrisiko. Ulike PCB-samband kan skade nervesystemet, gi leverkreft og skade  forplantingsevna. Foster og spedbarn er mest utsette for påverknad. PCB har negativ innverknad på mennesket si  læreevne og utvikling.

Ose gjer merksam på at også vindauga har PCB.

Lovar fortgang

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge skriv i ein kommentar til Ose sitt innspel, at det er godt kjent at lysrøra på rådhuset inneheld det helseskadelige stoffet PCB.

– Forholdet er tema i ei arbeidshelseundersøking og er blitt særleg aktuelt i no igjen i samband med budsjettarbeidet for 2017, skriv ho og stadfestar samtidig at det Ose melder om «muleg funn av asbesthaldige materiale i veggane».

– Tilsynsmyndet er varsla og det vil skje ei umiddelbar risikovurdering og kome i gang eventuelle tiltak etter lov og forskrifter, lovar ho. Det gjeld både asbest- og PCB-faren.

Rådmannen konstaterer elles at utskifting av PCB-armaturar ligg inne i rådmannen og formannskapet sitt budsjettframlegg for 2017.

Tiltak vidare vert følgt opp i dei handlingsplanane som hovudverneombodet ber om.