Talet på eigedomstransaksjonar held seg stabilt, og enda på 68 i november, på same måte som i oktober.

Og som i oktober er det Herøy som har flest omsette eigedomar, denne gongen med 23, ned fem frå oktober.

Etter eit hopp frå september til oktober i Ulstein, er det ein ny liten dupp i november, då det er registrert 19 tinglysingar i Ulstein.

Sande gjekk ein fram, frå seks til sju i november, men det var i Hareid ein såg største auken frå oktober. I november var det nemleg like mange eigedomstransaksjonar i Hareid som i Ulstein, det vil seie 19. Men i Hareid var berre åtte av desse fritt sal, mot 16 i Ulstein.

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.