I ComNet sine lokale på Skeide i Ulsteinvik var det fullt program heile fredagen. Klokka eitt kunne dei ønske alle deltakarane velkomne og byrja dagen med å lansere den nye appen for møterom, konferansar og undervising. Appen med namnet ComRom er laga for å gjere møte og konferansar meir effektive og flyte betre i tillegg til å kunne vere eit verktøy til undervisning i skulen.

«I tillegg til at appen gjer møte meir effektive, opnar det også opp for dei litt meir beskjedne som ikkje alltid vågar å ta ordet», seier Ragnar Hatlø. Appen vil då opne opp for gode innspel og forslag som elles kanskje aldri hadde kome fram.

Bodil Jåtun Molvik legg til at personar anonymt kan kome med spørsmål som dei kanskje synest er dumme eller flaue å stille i plenum.

Appen har også ein stemmefunksjon som kan brukast til evaluering i store og små forsamlingar, samt ei enkel løysing for avstemming til dømes ved val i årsmøte.

Store planar

– Vi skal nå ut til heile verda, seier ein beskjeden og audmjuk Hatlø.

– Vi er i ein tidleg fase, så planen er at det skal kome mykje meir, med mange fleire pakkar og funksjonar i appen, sa Molvik. Hatlø og Molvik håper og trur at appen skal bli veldig populær, både innan- og utanlands. «Vi har leita lenge, men ikkje funne noko liknande. Produktet blir veldig bra og vi har fått inntrykk av at det er stor interesse blant kundane», legg Molvik til.

Mange deltok på kick-offen, som var eit flott arrangement med tett program, matservering, live musikk og ikkje minst ølsmaking av Grim og Gryt sine produkt seinare på kvelden.