Dei siste seksten åra har 12 prosent av matjorda i fylket blitt borte, fortel NRK.Det er like mykje matjord som det finst i kommunane Tingvoll, Surnadal og Sunndal.

Kolbjørn Gaustad i Møre og Romsdal Jordvernforening er blant dei som ropar varsku og meiner det trengst eit mykje meir offensivt jordvern.

– Framtidig utbygging av nye bustader, vegar og næringsbygg må skje på dei 97 prosentane vi har av udyrka mark og ikkje på dei 3 prosentane vi har av matjord, seier han.

Han er ikkje den einaste som reagerer. Mange var møtt fram då jordvernforeininga i fylket sette temaet på dagsorden måndag. Ei av dei var Rose Bergslid som sjølv er bonde og arbeider ved NORSØK i Tingvoll.

– Den noverande regjeringa legg opp til færre og større bruk, men her på Vestlandet er det ei stor utfordring slik landskapet er, seier ho og åtvarar mot å ofra meir matjord.