Rådmannen foreslo å auke til 2,5 promille – ein auke som vil gi 1,5 millionar kroner meir å rutte med enn med 2,0 promille som sats.

Det var Annika Brandal (V) som foreslo uendra sats.

Rådmannen gav bl. a. denne grunngjevinga for å auke E-skatten:

«Hareid kommune har eit stramt driftsbudsjett med lite rom for svinging i tenestebehovet. Ein treng ein buffer for å unngå snarleg retur til Robek. Nye investeringar vil føre til kutt i tenestene, med mindre ein aukar inntektene. Rådmannen kan ikkje rå til at nye investeringar vert finansierte med å kutte tilsvarande på drift, og peiker difor på inntektsauke som eit tiltak for å få finansiert nye tiltak.»

E-skatten skal, som tidlegare, nyttast på faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom.

Rådmannen åtvarar elles om «ein kommune som ikkje nyttar eigedomsskatt må vere budd på å tilby innbyggarane sine reduserte tenester i høve dei kommunane som nyttar eigedomsskatt. Dette tilhøvet vert forsterka, når kommunen, slik tilfellet er for Hareid, er i prosess med å dekke inn tidlegare akkumulert meirforbruk.»

Endeleg vedtak skjer i kommunestyret 15. desember, men med 5-2-fleirtal i formannskapet er det liten grunn til å tru at vedtaket blir noko anna då.