Ein tilleggsgevinst kan samtidig vere å få etablert ein parkeringsplass.

Saka vart drøfta i eit møte i midten av november. Ordførar Anders Riise kalla inn med bakgrunn i at det i lang tid har vore vanskeleg å plassere overskotmasse i sentrumsnære område i Hareid.

Ei tomt på nedsida av Syverplassen barnehage kan med fordel utfyllast og tilstellast, heiter det. Syverplassen har stor mangel på parkerinsplassar. Ein kan dermed berre gruse opp plassen når han er fylt opp.

Kommunalteknisk sektor ønskjer i tillegg å skifte ut ei avløpsleidning frå 1967 i dette området.

På lengre sikt bør kommunen etablere eit større sentrumsnært deponiområde for reine masser. Her peikte møtet på eit muleg område sør om Hareidselva, nært opptil eit framtidig industriområde i Hareidsmyrane og eit område for kryssing med ny vegtrasé gjennom Hareidsdalen.