Det har blitt ein tradisjon at IL Hødd Fotball ber inn barnehageborna i kommunen til førjulsfest på Høddvoll. Hot kjem nissen og Tare, borna går i ring rundt juletreet og kosar seg i lag. Men i år blir det ikkje noko av festen.

– Det er for få påmelde, oppgir Lars-Petter Rønnestad som grunn i eit brev til barnehagane.

Men dei tar sats og håpar på større og betre fest neste år.