I Sunnmøre tingrett den 23. november 2016 vart Ulstein kommune dømd til å betale erstatning til ein tidlegare skuleelev. Denne skuleeleven var Glen Børge Løset Flø. Glen Børge har fått med seg at kommunen har anka, og seier dette til Vikebladet Vestposten:

- Trist, men eit faktum. Ulstein kommune spelar på eit presedensgrunnlag, og det må vi kunne forstå når ein kan tenkje seg byrden som kan fylgje med andre menneske etter meg i liknande saker. Dei ynskjer å sette ein standard, om at kommunen tek opp kampen mot alle som kjem. Eg har heile tida sagt at ein må ta opp kampen i slike situasjonar. Men no ser det ut som eg må gjennom ein ny runde i retten. Ein runde eg tidligare har vore gjennom, som nærmast øydelagde siste halvåret mitt på Universitetet i Bergen no i haust. Eg ynskjer berre å kome meg vidare i livet slik eg kan bygge oppatt eit liv eg føler eg har tapt som følgje av ein øydelagd barndom. Men, om Ulstein kommune enno ikkje har forstått alvoret sett gjennom bevisføringa, så skal eg klare ein kamp til, med den gode støtta eg har fått hittil frå familie, vennar, kjende og ukjende.

Ny vurdering av saka

Etter nøye vurdering har kommunen onsdag gjennom ei pressemelding signalisert at dei vil anke avgjerda til Frostating lagmannsrett, fordi tingretten si avgjerd etter kommunens vurdering er basert på feil rettsanvendelse og feil bevisomdømming.

Dette inneber at Frostating lagmannsrett vil føreta ny vurdering av saka.

Kommunen vil ikkje kommentere saka ytterlegare no.