– Ved fleire høve har eg blitt spurt om Personboka 2000 kan gjerast digital, det vil seie at ein kan lese boka på mobiltelefon, nettbrett eller ein PC/Mac. No er ei slik løysing klar, fortel forfattar Sverre Bjåstad til Vikebladet Vestposten.

Boka er no å finne som e-bok, og ein kan til dømes finne ho for sal gjennom Apple sin iBooks-funksjon. Ein kan også finne ho via iTunes. For Android-brukarar er ho å finne via Google Play. Når ein har lasta ned boka, kan ein også nytte søkjefunksjonen til dei ulike programma for å lettare finne fram i boka, fortel Bjåstad.

– Det er fantastisk teknologi, og eg må ærleg innrømme at eg ofte leitar fram mobilen eller nettbrettet for å lese bok, framføre å finne fram papirversjonen, seier Bjåstad smilande.

Mykje nytt

Det er også mykje nytt i høve papirutgåva av Personboka.

– Alle personane er no kopla mot både far og mor, ei vesentleg forbetring i det som er hovudformålet med ei ny bygdebok; å knytte saman familiar, seier Sverre Bjåstad.

Det ligg også no inne dødsår for dei som har gått bort mellom år 2000 og 2016. Det er også gjort ei rekkje rettingar og forbetringar i høve til papirutgåva av Personboka 2000, og oppdateringar kring utflytta personar som blei gjort i Utflyttarboka 2007 er tatt inn i den oppdaterte versjonen.

Boka er samstundes utvida og oppdatert fram til og med 2003.

– Det vil seie at vi tek inn personar som er fødde i 2001–2003. Dessutan har det vore familiendringar – og nye har kome flyttande til kommunane i denne perioden, det er også med i boka.

Nye oppdateringar?

Forfattaren har også gjort seg nokre tankar om det vidare arbeidet.

– Det viste seg å vere tidkrevjande nok å få inn opplysningar frå dei tre siste åra vi har fått med i den oppdaterte versjonen. Men det blir jobba vidare, og vi får sjå om det blir nye oppdateringar med tida.