- Vi må vere frampå å tilby elevane det beste, seier rektor Gullik Kjelstadli ved Herøy vidaregåande skule til Vestlandsnytt.

Fredag signerte skulen ein intensjonsavtale om eit revolusjonerande samarbeid med Fosnavåg Ocean Academy (FOSAC).

Dagleg leiar Håvard Stave i FOSAC meiner det vil gi elevane ved Herøy vidaregåande skule ein makelaus  sjanse til å kunne bruke den topp moderne simulatoren som FOSAC har.

I første omgang satsar vi på maritime fag. Det er snakk om at to VG2-klasser skal få prøve seg alt i januar. Årsaka til at vi byrjar med desse, er at vi har navigasjonssimulator og maskinromssimulator på skulen, slik at teknologien ikkje er heilt ukjend for lærarane, opplyser rektor Gullik Kjelstadli.

Planen er også at elevar som går Vg2 Fiske- og fangst skal få tilgang til simulatoren relativt snart.

Mange av desse startar karrieren sin på fiskebåt og blir kanskje eigarar av småbåtar sjølve. Dei får, allereie på første nivå, same sertifikatkrav som dei som blir dekksoffiserar.

Svein Gjelset i skuleutvalet meiner det nye samarbeidet med FOSAC er svært viktig. Blant anna fordi skulen slit med utdatert utstyr, og at dei no vil få tilgang på det ypparste av teknologi på området.