Ifølgje ei undersøking gjennomført av forsikringsselskapet Gjensidige er det svært mange som tek sjansar med alkohol saman med bilkøyring.

 - Det er tid for julebord og mange sosiale lag. Drikk du alkohol, bruk fornufta og la bilen stå, også dersom du er usikker dagen derpå, er oppfordringa frå kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.

Ein av fire kan ha køyrt med promille

Heile 25 prosent av bilførarane i Møre og Romsdal svarar at dei trur dei kan ha køyrt med ulovleg promille. Av desse er det dobbelt så mange menn som kvinner, og menn mellom 25 og 39 år er verstingane.

- At rus er eit problem i trafikken er vi klar over, men det er skremmande at så mange bilførarar i Møre og Romsdal trur dei kan ha promillekøyrt ein eller fleire gongar, seier Voll.

Samstundes seier 10 prosent i fylket at det skjer at dei drikk alkohol nokre timar før køyring og reknar ut når dei trur dei er under promillegrensa.

Mange dødsulukker

Alkohol, narkotika og trafikkfarlege legemiddel er årsak til nesten halvparten av alle dødsulukkene i trafikken i Norge. Det syner data frå Folkehelseinstituttet.

- Sjølv med låg promille aukar ulukkesrisikoen kraftig. Det er mykje fokus på vegstandarden, men aller viktigast for trafikktryggleiken er uansett føraren, seier Voll.

Ingen erstatning

Kolliderar ein etter å ha køyrt i ruspåverka tilstand, kan dei økonomiske og menneskelege konsekvensane bli svært alvorlege, ikkje berre for dei ein eventuelt måtte skade, men også for ein sjølv.

- Kolliderar du i fylla betyr det mest sannsynleg at du ikkje får nokon erstatning på forsikringa. I tillegg kan ein bli stilt økonomisk ansvarleg for skadar ein har påført andre. I verste fall snakkar ein om millionbeløp, seier Arne Voll avslutningsvis.