Politiet på Sunnmøre melder torsdag morgon at naudetatane rykkjer ut til ein brann i ein bygning i Fosnavåg.

Kort tid seinare stadfestar også 110-sentralen at det er iverksett sløkking i ein bygning. Dei melder også at det skal vere snakk om eit ubebodd hus. Den andre etasjen skal stå i full fyr.

Ifølgje politiet skal brannen også føre til nokre trafikale utfordringar i området.