Torsdag har ordførarane i Herøy og Sande underteikna ein intensjonsavtale om samanlåing av dei to kommunane, skriv NRK Møre og Romsdal. Avtalen vart underteikna på Larsnes, og den nye kommunen skal heite Havøy kommune.

Før det blir teke ei avgjersle om samanslåing skal det gjennomførast folkerøysting i både Sande og Herøy, før saka skal opp i dei to kommunestyra.