Ann-Kristin Liland er leiar for Foreldrenettverk mot mobbing. Ho er også mor til Robert Liland, som vann saka si om mobbing i oppveksten, mot Søgne kommune i 2013.

- Nett slik som vi no ser i Ulstein kommune, så ville rådmannen i Søgne også anke. Det var vi førebudd på ville skje. Men, vi hadde ein oppegåande advokat som sa at dette måtte vi ikkje la ligge. Vi måtte kjempe tilbake. Vi vann til slutt fram, og kommunen trekte anken sin, seier Liland til Vikebladet Vestposten.

Den landsomfattande organisasjonen jobbar for å støtte mobbeoffer i sin kamp for rettferd. Liland reagerer kraftig på at Ulstein kommune no vel å anke dommen, sjølv om saka er godt dokumentert.

- Kommunen er ein maskin, dei tenkjer ikkje på menneske, men på pengar. Då sonen min Robert vann fram mot Søgne, og då Line Sommer Hoel (Malvik-saka) vann si sak, var det mennesket som vann mot maskinen, og det burde skje oftare. Dette rammar ikkje berre barnet, men alle rundt barnet. Familien og vener av mobbeofferet kjenner også på dette. Vi i Foreldrenettverk mot mobbing meiner at kommunen no må ta ansvar for det retten meiner dei har gjort feil, seier Liland.

Blir ikkje betre for Ulstein kommune

Liland meiner Ulstein kommune bør godta dommen og heller rette fokuset mot å forhindre meir mobbing.

- Vi må snart innsjå at mobbing skjer kvar dag, på alle skular i Norge. Difor må vi avdekkje, undersøke og stanse dette. Alt dette, med saka til Glen Børge som det siste tilfellet, kjem ut av ein høgsterettsdom mot Kristiansand kommune, der ein person, som ønskte å vere anonym, vann fram. Den dommen gjorde at min son Robert gjekk til sak. Høgsterettdommen danna ein presedens for alle saker som har kome fram i ettertid, og som det heilt garantert vil kome fleire av. Det er ingen vinn-situasjon for nokon å køyre på med dette vidare. Denne unge mannen frå Ulsteinvik har meir enn nok skriftleg dokumentasjon på at han blei mobba i årevis. Har ein tapt, så har ein tapt. Det blir ikkje betre for kommunen å køyre dette vidare inn i lagmannsretten, seier Ann-Kristin Liland.

Støttar Glen Børge

Foreldrenettverk mot mobbing har følgt saka til Glen Børge lenge før den kom inn i rettsapparatet.

- Vi såg då det var grunn til å tru at kommunen ville anke, og at her måtte vi inn og støtte han. Ein anke blir det, og då har vi fleire moglegheiter. Heile nettverket er i sving no, både for å stemme han opp som årets namn i Sunnmørsposten, og for å støtte han på andre vis. Dette er viktig for heile mobbe-Norge. Dette vil endre haldningane til folk. Vi har ei haldning i dag om at borna skal tole å bli plaga i skulegarden. Dette er steinaldertenking, tordnar Ann-Kristin Liland.

- Skadeleg for omdømmet

Liland trur politikarane som i formannskapet gjekk for å anke saka, ikkje har tenkt godt nok gjennom det dei har stemt for.

- Eg tenkjer at dei har hørt på den såkalla "ekspertisen", utan å setje seg godt inn i kva dette eigentleg dreier seg om. Dette handlar om å vise medmenneskeleg omsyn. Den beste julegåva dei kunne gitt denne unge mannen hadde vore å trekkje anken, faktisk gjere noko med problema og aldri la nokjo slikt som dette skje igjen.

Liland trur også at kommunepolitikarane kan ha frykta at det vil kome fleire slike saker i framtida.

- Og det vil det. Ingen kommunar kan beskytte seg mot at det vil skje. Vi veit at 2017 kjem til å bli eit kronår for slike saker. Ein må slutte å tru at det ikkje vil bli avdekt mange fleire slike saker. Dei vil kome som perler på ei snor, og det er ingenting kommunane kan gjere med det. Det beste ein kan gjere er å ta ansvar og sørgje for at dette ikkje skjer igjen. Uansett kva dei vel å gjere vidare, om dei held på at dei vil anke eller trekk den, så er byllen stukke hol på. Glen Børge Løset Flø vil vinne sakene i dei høgare rettsinstansane uansett, den einaste vettuge tingen å gjere er å leggje ballen død og ikkje la dette skje igjen.

Ho meiner anken til kommunen allereie har påført kommunen eit svært dårleg omdømme.

- Sjå berre på Malvik kommune. Dei fekk kjempedårleg omdømme då dei først anka saka der Line Sommer Hoel vann mot dei. Der jobba vi i Foreldrenettverk mot mobbing for å snu politikarane, og hadde heldigvis i det tilfellet politikarar som forstod at dette var viktig for personen og mobbesaka i seg sjølv.

Unik sak

Ifølgje Ann-Kristin Liland har det ikkje skjedd tidlegare at ein som har saksøkt ein kommune på grunn av mobbing i barndommen har fått hundre prosent medhald.

- Det betyr at dei har hatt ekstremt god dokumentasjon. Det bør også vere eit sterkt signal om at kommunen bør betale erstatninga og komme i gong med eit godt og målretta arbeid, i staden for å fokusere unødig mykje slike rettsaker, seier Liland og legg til:

- Denne dommen er den mest knusande av dei alle. Han har fått medhald på alle punkt. Kommuneleiinga må no stikke fingeren i jorda og ta lærdom av denne saka. Slik slepp vi å øydelegge fleire liv.

- Dette gjer at eg kan ta ein kamp til

Glen Børge Løset Flø seier til Vikebladet Vestposten at støtta han får frå Foreldrenettverk mot mobbing betyr utruleg mykje.

- Støtta eg fekk og framleis får frå Foreldrenettverk mot mobbing rett etter rettssaka blei avgjort i november, er nok det som gjer at eg klarer ein kamp til. Dei gjer ein super jobb og når eg fekk støtte frå dei og likesinna så gir det meg energien eg treng for å ta neste kamp. Mange av dei tek kontakt, viser støtte og omsorg og gjer mykje for dei i støtte-nettverket. Dette betyr mykje, seier Glen Børge.

- Tek saka på alvor

Ulstein kommune ved ordførar Knut Erik Engh (Frp) svarar slik på kritikken frå Foreldrenettverk mot mobbing:

- Vi ønskjer ikkje å prosedere denne saka i media. Det kjem ikkje noko godt ut av det. Vi treng også tid til å jobbe med anken. Vi er ueinige i det som går fram av dommen. Det er viktig at kommunen tek saka på alvor, og det gjer vi. Vi meiner dommen ikkje gjenspeglar det totale biletet i saka. Vi reagerer på kva som er vektlagt av det som kom fram i saka og rettsbruken, seier Engh.