I samband med reguleringa av eit område for hytte, sjøhus og småbåthamn ved Nautvika har Nytun utført ei arkeologisk undersøking – og påvist eit dyrkingslag frå overgangen mellom merovingartida og vikingtida.

Dateringane av dyrkingslaget viser til perioden 690 til 885 år etter Kristi fødsel.

Den arkeologiske registreringa vart gjennomført i april i år. Området er lite og avgrensa og er lagt inn i «Askeladden», Riksantikvaren sin kulturminnebase.

I rapporten frå undersøkinga står det at «eit mindre kolholdig lag vart påvist i starten av sjakt 1. Dette laget låg mellom matjord og undergrunn. Det er svært avgrensa i sjaktas utstrekking, og det er ikkje påvist fleire parti av kolholdig lag i nokon av sjaktene som vart sett under registreringa på Alme.

Området er generelt svært omrota av nyare tids aktivitet, men det kan tyde på at forholda lenger mot vest kan vere betre bevart.»

Nytun tipsar elles i rapporten sin om at han håper at ein i så stor grad som råd tek vare på «steingardar og ein eldre skogs-/traktorveg som enkelte stader er fint oppmura med naturstein».

Nytun konkluderer med at dokumentasjon er sikra. Han er dermed innstilt på å gi løyve til inngrep når saka kjem til  offentleg ettersyn.

Merovingertida er ein periode av Norden si forhistorie (ca. 570 – 800 e. Kr.). Perioden har ulike namn i Skandinavia. I Danmark heiter det «yngre germansk jernalder» og i Sverige «Vendeltid».

Merovingar-namnet har bakgrunn i lenkene i det arkeologiske materialet mot frankisk område, der merovingardynastiet var einerådande i størstedelen av perioden.Hustufter frå merovingartida er sjeldne, men det er funne spor av nokre bygningar i dei seinare åra. Jordbruket synest å ha vore den viktigaste basisnæringa med eit intensivert husdyrhald.