På Ulstein kommune si Facebook-side ser ein fleire som har sagt det dei meiner om at Ulstein kommune ankar dommen frå saka der Glen Børge Løset Flø gjekk til sak mot kommunen.

Ulstein kommune blir mellom anna kalla for ein mobbekommune og blir bedne om å trekkje anken og la Løset Flø få komme seg vidare i livet. Folk kommenterer også at dei meiner framferda til kommunen er skammeleg.

Også under kommunen sitt eige innlegg om at dei ankar dommen har kommentarane frå folk rundt omkring i landet hagla inn.

- Det er ytringsfridom i Norge

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) har fått med seg at kommunen har fått mykje tyn for avgjerda, via sosiale media.

- Når det gjeld kritikk på Facebook og andre media, er det klart at det er ytringsfridom i Norge. Eg trur også at folk må vere medvitne kring det dei skriv, for det kan raskt slå feil ut. Eg vil anbefale folk å halde seg i skinnet og modere språkbruken. Det er også andre som har kontakta meg og støtta kommunen etter avgjerda, og som har andre synspunkt kring saka, seier Engh til Vikebladet Vestposten.

Kommunen jobbar no med å førebu anken sin.