Rådmann Ragnhild Velsvik Berge skriv i ein e-post til Vikebladet Vestposten at ein med glede kan meddele at det ikkje finst spor av asbest på Hareid Rådhus.

- Rådhuset er med dette "friskmeldt", skriv rådmannen.

Det er firmaet Polygon som har gjennomført prøvene på rådhuset.

Velsvik Berge gler seg også over at kommunestyret i Hareid torsdag vedtok å skifte alle lysa på rådhuset, noko som vil seie at også PCB-problematikken vil vere eit tilbakelagt kapittel.