Kortfilmen har fått namnet «The Letter», og Simon Gjerde Tonev (18) frå Hareid fortel at han har produsert filmen fordi han har lyst til å fortelje ei intens, brutal og urettferdig historie om krig. Korleis krig endrar eit menneske til noko dyrisk, og korleis krig påverkar pårørande.

– Eg har eit sterkt ynskje om å skape noko provokativt, noko som syner kva slags vanvettige ting menneske kan gjere med kvarandre. Folk er folk uansett kvar dei kjem frå, og det er dette eg har lyst til å få fram, seier han.

Gjer det meste sjølv

Simon er både manusforfattar, regissør og produsent for «The Letter», og han vedgår at filmen surrar i hovudet hans nesten heile tida. Vi får håpe han har tid til litt skulearbeid også. Han er elev ved Media- og kommunikasjonslina på Akademiet i Ålesund, og draumen er å bli filmskapar.

Simon har tenkt på «The Letter» i over to år, og han har no klart å samle saman eit godt mannskap både bak og framfor kamera.

– Vi har eigen komponist som verkeleg brenn for komposisjon av filmmusikk, og to jenter som er utruleg dyktige med sminke og sminkeskade.

26 ambisiøse aktørar

I alt er det 26 svoltne og ambisiøse personar med på filmprosjektet.

– Det å samle saman så mykje folk, og få absolutt alle saman opp i 6–7 tida for å gjennomføre kalde og våte innspelingar i fleire timar på Kvitneset er utruleg flott, smiler han.

I forkant av innspelinga på Kvitneset har dei teikna opp, koordinert og øvd inn slåstscene, som er koreografert av ein eigen stuntkoordinator.

– Skodespelarane er imponerande dyktige og brukar mykje tid på å førebu seg og byggje opp karakterane sine. Eg gløymer heilt at dei er uerfarne ungdomar mellom 18–24 år. Engasjementet og innsatsen er imponerande, og det er kjekt å sjå at filmen tek form.

Målet er framsyning på filmfestivalar

Nokre ser på dette som artig og spennande og vere med på, men fleire ynskjer å oppnå noko større.

– Vi ynskjer å ta filmen til både nasjonal og internasjonal filmfestival. Bodskapen vi vil ha fram er viktig, synest vi, og vi vil jobbe hardt for å få han fram, seier Simon Gjerde Tonev.

18 år gamle Simon Gjerde Tonev håper å kunne leve som filmskapar i framtida. Han er både manusforfattar, regissør og produsent for "The Letter".