Og den tilbakeståande Nils Røysetbakken frå Røyset vart landsforvist for å ha stole alterduken i Hareidskyrkja og lagt på si sjuke ku. Kua døydde og i domen på tinget i Holsekerdalen i 1663 vart han landsforvist.

Historiene til Anne Mogensdatter Løset, Marit Johannesdatter Løset og Nils Røysetbakken m. fl. står å lese i Sunnmøre historielag sitt årsskrift 2016 – i ein større artikkel av Ellen Alm.

Dei såkalla hekseprosessane i Europa hadde klart flest offer mellom kvinnene, men blant samane og på Island t.d. var det omvendt.

Alm har funne ut at det i Norge vart gitt om lag 300 dødsdommar for trollskap. Prosessane foregjekk på heile 1600-talet med ein intensitetstopp i 1660-åra.

Manipulering av naturkreftene

Trolldom vart oppfatta som manipulering av naturkreftene ved hjelp av magi. Det var først og fremst den skadevaldande magien som førte til dødsdommar, men med Christian IV si lovbok av 1604 tok ein også til å ta affære overfor slike som «vekker troll for å fremme hedenskap». Etter reformasjonen kom staten også til å kriminalisere magi som også hadde gode og helbredande formål, såkalla signing. Men her gjekk det på pengebøter, landsforvisning og kyrkjetukt.

Den dansk-norske lovforordninga mot trolldom kom i 1617 og vart forkynt utover i landet i dei følgjande åra.

Ei gjennomlesing av Alm sin artikkel gir inntrykk av at mange av desse som vart råka av trolldomsstraff var menneske som levde på sida av samfunnet. Dei var kanskje store i kjeften av natur og fall i unåde i lokalsamfunnet. Hadde dei ønskt død og fordervelse over bygdepersonar og familiar – og denne døden og fordervelsen kom - var vegen kort til å tru at trolldomskrefter var sett i sving.

Mange av dei dømde vart elles mistenkte for å ha taterblod i seg eller vere av samisk opphav.

Anne Mogensdatter

Anne Mogensdatter Løset vart dømd for ganding og diabolisme i 1679. Ellen Alm har mykje å fortelje om henne, ettersom ho har hatt tilgang til rettsprotokollane. Ho vart halshogd – og deretter brend (men vi får ikkje  vite kvar). Ho var tiggar, «drap folk» med ganding og trollmjølka kyr. Også bestemora hennar vart brend som heks – og mora skal ha gitt henne til Satan som barn. Ho hadde også vore med på ein heksefest på Dovrefjell.

Ein gong skal Anne ha sett «gandskot» på ei jente. Jenta vart dødssjuk, men ein dag Anne kom forbi vart ho trygla om gjere jenta frisk igjen. «Vell godt», sa ho. Like etter fødde jenta «noget levende i seg … som en padde».

Marit

Marit Johannesdatter Løset vart også dømd for ganding og diabolisme – og fekk same lagnad som Anne, men eit år etter. Marit hadde lært trolldom av faren. Ho kasta sjukdom på folk og fe, og ein gong «forliste ho bygdebåten» ved hjelp av ein «hjelpedemon». I tillegg hadde ho seksuell omgang med Satan, korleis no dette kan ha utarta seg.

Ellen Alm meir enn antydar at påtalemakta kan ha nytta tortur og leiande spørsmål i desse rettsprosessane.

I Nordfjord levde ein Ingebrigt Størkersen, som hadde tent som Satan sin trommeslagar på Dovrefjell. Det blir fortalt frå rettssakene at han let seg leie tre gonger baklengs rundt kyrkja i Bremanger der han avsverga både dåp og kristendom med dei gudsbespottande orda «Tvi være Jesus!». Han brukte kalverumper til trommestikker.

Det kan virke som om folket på Løset den tida må ha hatt eit visst trolldomsrenommé, for det var ganske mange derifrå som vart nemnde som trolldomskunnige.

Det vart i følgje Alm halde 16 trolldomsprosessar på Sunnmøre i perioden 1609-1682. I  9 av tilfella vart den tiltala brend. I 4 tilfelle enda det med frifinning. I eitt tilfelle tok offeret sitt eige liv, i eitt tilfelle er resultatet av prosessen ukjend – og endeleg: i Nils Røysetbakke sitt tilfelle ser det ut til at dommen ikkje vart etterlevd. Nils trassa dommen og vart verande på Røysetbakken.

Kjelde: Årbok for Sunnmøre historielag 2016, 92. årgang

Brenning av trollfolk: Folk skulle få sjå på, til skrekk og åtvaring. Ill.: frå verket Historie der martelaren, 1657.