Ifølgje UDI har 159 bebuarar forsvunne frå lokale mottak på Nordvestlandet i 2016. Tala blei først presenterte i eit oppslag i Sunnmørsposten, og berre på Hareidlandet er det til saman 40 bebuarar som skal ha forsvunne. Etter eit intervju med dagleg leiar i Link, Hallstein Saunes, kan talet likevel vere noko lågare enn dette.

Kjetil Haanes er styreleiar i Amnesty International i Norge, men også lærar for fleire afghanske mindreårige gutar gjennom eit engasjement i regi av Herøy kommune. Han er sterkt kritisk til korleis norske styresmakter driv asylpolitikk for tida.

- I forhold til dei som rømmer frå mottaka tenkjer eg kanskje spesielt på dei einslege mindreårige asylsøkjarane. Det er også denne gruppa Amnesty har spesielt fokus på, og det er denne gruppa vi meiner Norge gjer mest feil mot. Desse rømer fordi det er utrygt for dei å vere i Norge, og samssutndes har dei ingen plass å reise til der dei kjem frå. Det er spesielt mange frå Afghanistan, og der nede er det framleis livsfarleg. Mange av ungdommane vel difor å forlate mottaka og leve på gata eller andre stader, seier Haanes og legg til:

- Dei blir sett sjakk matt. Dei kan ikkje reise tilbake, og dei kan ikkje vere her. Ein håplaus situasjon.

Omstridd metode

Haanes fortel at Amnesty reagerer på Norge sin asylpolitikk, som dei meiner går på kant med Barnekonvensjonen, og han er kritisk til den systematiske og omfattande alderstestinga som blir gjort.

- Det er ein omstridd og ressurskrevande metode som blir nytta i dag for alderstesting. Om ein faktisk blir fastlslått å vere 18 år, og at UDI finn ut at ein har omsorgspersonar i utlandet, blir ein sendt ut. Men, saka er at desse uansett var barn då dei starta å flykte, og må framleis reknast som born. Mange av dei som kjem frå til dømes Afghanistan, har aldri gått skule. Her i Norge kan dei faktisk få skulegang. Det er veldig synd at så mange blir fråtatt den moglegheita, og i staden må bu på gata. Mange har dessutan ei enorm frykt for politiet, ei frykt for å bli henta midt på natta. Mange av desse ungdommane er redde, og det gjer at det skal lite til før dei vel å rømme frå mottaka og gøyme seg andre plassar. Dei får med seg mykje av det som skjer rundt dei. Det at dei er redde fører ofte til depresjonar, angst og angstanfall. Dette er ungdom som har opplevd så mykje vondt, og som burde få det trygt her i Norge, seier Kjetil Haanes.

- Det er eit symptom på dagens politikk, at så mange vel å forlate mottaka og gøyme seg.

Haanes er som sagt lærar for fleire einslege mindreårige asylsøkjarar, gjennom Herøy kommune.

- Eg har blitt godt kjent med dei, og nesten blitt som ein reservepappa for dei. Dei har med seg ein dramatisk ballast frå heimlandet, og veldig mange er no veldig redde for å bli henta om natta og bli returnerte til Afghanistan. Dei er livredde for kva som kan skje med dei, og livredde for Taliban. Vi i Amnesty manar no til ein meir rettferdig asylpolitikk, seier Kjetil Haanes avslutningsvis.