Medan Sunnmørsposten melder at fellesfyrverkeriet i Ålesund og Giske er avlyst, blir fellesfyrverkeriet i Ulsteinvik avvikla som planlagt klokka tolv i natt. Frå klokka halv tolv blir det servert gløgg på Vikholmen. Der er Frivilligsentralen på plass med bålpanne.

Frå Vikholmen er det fin utsikt til å nyte fellesfyrverkeriet på trygg avstand.

Yr.melder lett bris, vindstyrke 4 m/s, så det skal gå bra.

Annika Brandal på Kulturkontoret kommenterer at ein fordel med å ha fyrverkeriet så seint på kvelden var at dei hadde meir tid på seg til å sjå an vêret. Innsamlingsaksjonen har gått bra. Det kom inn pengar så seint som i dag. Så dette lovar bra for gjentaking neste år.

- Me gler oss, melder Annika Brandal som ønskjer alle velkomen til å sjå på fyrverkeriet.

Les også:

Mange føretrekkjer felles fyrverkeri