1. januar klokka 09.30 la den nye snøggbåten "Godøy" ut på si første ordinære rute mellom Hareid, Valderøy og Ålesund. Første turen gjekk frå Hareid.

Sjølv om vinden til dels har vore kraftig 1. nyårsdag, var det ikkje noko problem for "Godøy" å entre Breisundet.

- Vinden er nordleg, og då er det sjeldan noko problem å fare over Breisundet, forklarer Bjarne Sandøy, kaptein om bord på "Godøy".

Turane hittil har gått heilt prikkfritt, og kaptein Sandøy er ikkje i tvil om at "Godøy" er ein god sjøbåt.

"Godøy" har plass til 296 passasjerar, same tal som den tidlegare båten i sambandet, "Ekspressen" hadde.

- Dei to båtane er nokså like. Det passasjerane kanskje først og fremst vil merke seg, er at "Godøy" ikkje har noko øvre salong. Alle passasjerplassar er på hovuddekk, elles er mykje det same. Men ein viktig skilnad er sjølvsagt at på "Godøy" er alt flunkande nytt, seier kapteinen.

"Godøy" er bygd ved Oma Båtbyggeri på Stord, og gudmor for båten er Aurora Bratli frå Ulsteinvik.

Den siste månaden har båten lege i Ålesund, i påventa av å bli sett inn i ruta. Kontrakten mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og operatørselskapet Fram sa oppstart 1. januar 2017, og slik har det blitt.

Kaptein Bjarne Sandøy (fremst) og overstyrmann Eirik Solevåg på "Godøy" kan rapportere om prikkfri overfart den første dagen med ny snøggbåt mellom Hareid og Ålesund.