Det var den 27. desember 2016 at ein av låsevaktene oppdaga at det hadde vore folk inne i speakerbua/kiosken på gamle Høddvoll. Bygget har ikkje vore i bruk sidan Hødd flytta over til nye Høddvoll, men Per Arve Moldskred, som er driftssjef for anlegg, fortel at dei har prøvd å ta vare på dei gamle bygningane.

Han kommenterer til Vikebladet Vestposten at dei må ha vore fleire om hærverket. For trappa som IL Hødd hadde lagt ned, var sett opp igjen. På eit rom oppe var det tomgods frå drikkevarer og sigarettsneipar. Men det var ikkje det verste. Pøblane har også brote opp ei dør, og sett på vatn som strøymde utover.

No er det så store vasskadar og andre skadar i bygget, og at det truleg blir rive.

- Dette er rein hærverk. Det var ikkje noko av verdi inni bygget. Dette er ergerleg, det er nok nokon som har hatt for lite å gjere i romjula, seier Moldskred.

Politiet var oppe på Høddvoll i dag, måndag 2. januar, og undersøkte åstaden. Det blir oppretta sak.

Les også: Hærverk på gamle Høddvoll