Snøen har i periodar kome tett måndag føremiddag. Han har lagt seg som eit kvitt teppe også på fylkesveg 61 mellom Ulsteinvik og Hareid, sjølv om vegen der blir salta.

Truleg er det glatt vegbane som er årsaka til at ein av SSR sine bossbilar, har køyrt av vegen på Rise, like ved det vesle sagbruket til Harry Fjelle.

Utforkøyringa skjedde rundt klokka 13.30 og det har danna seg ein del kø langs fylkesvegen, sjølv om det no er trafikkdirigering på staden.

Ingen skal ha kome til skade under utforkøyringa.

Det er glatt både på hovudvegar og sidevegar no, og all grunn til å køyre med varsemd.