Sunnmøre tingrett har dømt ei ung kvinne som er busett i Ulsteinvik til fengsel i sju månader.

Ho er domtfelt 13 gongar før, og ilagt ei lang rekke forelegg.

Nesten alle dommane omfattar simple og grove tjuveri.

Den siste dommen fekk ho i Sunnmøre tingrett i oktober 2015. Ho vart då dømt til 10 månaders fengsel, fem månader på vilkår med ei prøvetid på tre år. Då gjaldt dommen narkokriminalitet og tjuveri. Kvinna sona denne dommen, med nokre avbrot, fram til  midten av oktober 2016.

Men berre fem dager etter at ho fekk dommen i oktober 2015 begjekk ho nye innbrot.  Då stal ho ei nøkkelhank med to husnøklar på frå ein person som trena ved Aktivsenteret i Ulsteinvik. Ut over hausten 2015 og fram til slutten av januar 2016 begikk ho jamnt og trutt nye straffbare handlingar. Med eitt unntak er alle forhold begått i prøvetida etter den betinga delen av dommen i tingretten.

Nøklar, lommebøker, Iphone og kredittkort

Ho vart på nytt sett under tiltale i Sunnmøre tingrett i mars 2016. Og denne gongen skulle ho ta mot dom for sju tjuveri, eit aktlaust heleri , fire heleri, eitt bedrageri og to mindre tjuveri.

Ho har blant anna stole ein sykkel, fleire lommebøker, Tomtom GPS og mobiltelefonar frå ulike bilar og personar  i Ulsteinvik. Ho har erkjent til retten at ho "tulla seg inn" på bakrommet til Jysk og tok ein Iphone frå eit bord. Ho har også gått inn i gymgarderoba ved Ulstein vidaregåande skule og stole telefon og førarkort frå ein ryggsekk som hang der.

Ved ambulansestasjonen i Ulsteinvik stal ho fotoutstyr og diverse anna til ei samla verdi på 40.000 kroner.

Kvinna har også vore ein tur til Hareid der ho stal ein pakke Straganoffgryte, ein pakke Baligryte, 5 boksar Grevens Ceider og eo 12-pakning med Tuborg øl frå Coop Extra Hareid.

I Herøy har ho vore inne på eit kiropraktorsenter og stole lommeboka til ein av dei tilsette. I den låg det fleire bankkort, 3500 kroner og 100 USD.

Ikkje i stand til å møte

Hovudforhandlingane skulle gjennomførast ved  Sunnmøre tingrett i oktober i fjor. Men saka vat utsett fordi tiltalte ikkje var i stand til å møte. Ho møtte heller ikkje opp då saka kom opp på nytt i slutten av desember 2016, men saka vart då fremja til handsaming med samtykke frå kvinna.

- Treng kraftig lut

Retten meiner sju månaders fengsel er ein passande reaksjon.

- Dei fleste tjuveria og heleria tiltalte har begått er enkeltvis ikkje meir alvorlege enn at dei normalt ville blitt møtt med bøtestaff. Men tiltaltes lange kriminelle rulleblad tilseier kraftigare lut, heiter det i rettspapira frå Sunnmøre tingrett.