Det Finansavisen som opplyser at dei to plattformforsyningsskipa til Island Offshore har skifta eigar.

Skipa er bygde hos Vard Breivik i 2008 og 2007 og begge er av UT 775 UN-design.

Verken Island Offshore eller kjøparen, PSV Opportunity III, vil kommentere opplysningane om at dei to skipa er selde.

Selskapet S.D. Standard Drilling Plc - med Spetalen på eigarsida, sende måndag ut ei børsmelding om at det vil investere 5,1 millionar dollar og blir 35 prosent eigar i PSV Opportunity III Dis, eit selskap som investerer i plattformforsyningsskip.

101 millionar kroner

I meldinga står det også at PSV Opportunity III har ingått avtale om å kjøpe to mellomstore plattformforsyningsskip av UT 775 LN-design som er bygde i Norge i 2007 og 2008.

Til saman er prisen på skipa 11,7 millionar dollar, 101 millionar kroner.

Handelen skal vere sluttført 19. januar i år, og skipa skal betalast med eigenkapital.

Island Offshore fekk tidleg i 2016 på plass ein avtal med kreditorane som skal sikre selskapet pusterom inn i 2018, men i fjor haust varsla selskapet at dei er i gang med nye forhandlingar for å få til ei løysing som skal gjere at selskapet klarer ein nedtur i offshorebransjen som truleg varer fram til 2020.