Kommunelege Inger Lise kaldhol stadfestar til Vikebladet Vestposten at influensaen kom tidleg i år. Mange har vore sjuke rundt årsskiftet, og/eller er det no. Ho sit ikkje på lokale tal for kor mange det gjeld. Dei fører ikkje statistikk over dette på legekontora i Ulstein eller Hareid. Og dette er heller ikkje noko folk flest oppsøkjer lege for. Om du er smitta og blir sjuk er rådet å halde seg heime, ta livet med ro og passe på å drikke nok.

– Og ta febernedsetjande om feberen blir for høg, tipsar Kaldhol.

– Bør ein vaksinere seg, eller bør ein tenkje at ein influensa styrker immunforsvaret?

– Folkehelseinstituttet anbefaler alle i risikogruppene å vaksinere seg mot influensa, svarer Kaldhol og legg til at det ikkje styrker immunforsvaret å bli sjuk. Det er berre dei første sjukdomane når ein er små som er viktig for å styrke immunforsvaret.

Heftig sort

Kaldhol fortel at det er ein veldig heftig influensa som går no. Den eine sorten minner om svineinfluensa, og dei som blir smitta av denne varianten kan bli ganske sjuke og bli liggande ein del dagar.

Går over av seg sjølv

Influensa er ein virusinfeksjon og går som regel over av seg sjølv. Ein behandlar difor hovudsakleg symptoma av sjukdomen.

Ein sjeldan gang kan infeksjonen føre til alvorleg sjukdom og då må ein kontakte lege.

Bør ringje lege i nokre tilfelle

Du bør kontakte lege om den sjuke er gravid eller i risikogruppene for å utvikle alvorleg sjukdom eller få andre komplikasjonar av influensa. Ring fastlege eller legevakt for å få naudsynt behandling og oppfølging, rår Folkehelseinstituttet.

Om den sjuke viser teikne til å vere uttørka, som tørr i munnen eller tissar lite, kastar opp og har problem med å halde på drikke slik at det er fare for uttørring eller får svært rask eller anstrengt respirasjon bør du ringje lege.

Ring 113 om den sjuke har tungt for å puste eller har smerter i brystet, har fiolett eller blåleg farge på leppene, får anfall med kramper eller ikkje reagerer som normalt eller verkar forvirra.