I 2015 vart det selt 27 bustadeigedomar for meir enn 4 millionar kroner i kommunane Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Dei fleste av desse låg i Ulstein kommune, med heile 15 av 27 på topplista. I 2016 var det også Ulstein som dominerte lista over flest eigedomar over 4 millionar kroner, men totalt for dei fire kommunane gjekk talet på slike eigedomstransaksjonar ned frå 27 til 18.

Både i Sande og Hareid vart det omsett ein eigedom i denne kategorien i 2016. Herøy hadde tre, medan 13 av dei dyraste eigedomane låg i Ulstein kommune.

Sjå også: Dei dyraste bustadane i 2015

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.