Politiattest skal innleverast til kommunen i samband med at ein søkjer på ein jobb. Den blir så sendt til arkivansvarleg i kommunen, og så makulert. Attesten kan likevel oppbevarast fram til vedkomande sluttar i jobben sin.

Det nye av året er at det frå og med 1. januar blei innført krav om politiattest for dei resterande delane av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Dette er Hareid kommune godt i gong med, kan kommunalsjef for helse- og omsorgstenesta, Berit Aasen, fortelje.

– Dei kommunale helse- og omsorgstenestene har blitt meir og meir omfattande i forhold til kva dei var for berre nokre år sidan. Før tenkte ein at pleie og omsorg var noko som berre var for dei eldre. No er pleie og omsorg noko mykje meir. For heimesjukepleia og bu- og habilitering har det ei god stund vore rutine å hente inn politiattest i samband med nytilsetjingar. Med alt som har med born å gjere har det vore lovpålagd å hente inn attest i mange år allereie, seier Aasen og legg til:

– Når folk tenkjer kommunale helse- og omsorgstenester, så tenkjer dei oftast sjukeheim. Og det er der dette med å hente inn politiattest blir noko nytt. Eg ser på det som berre positivt. Det er eit tiltak som gjer at ein i større grad sikrar tenestene, også for dei eldre.

Får kvalitetssikra tenesta

Aasen er nøgd med at ein no også for dei som er på sjukeheim, kan sikre seg kompetente tilsette, der ein veit at vedkomande ikkje har ureint mjøl i posen. Lovendringa vil altså blant anna bety at dei som skal jobbe innanfor eldreomsorga, psykiatritenesta og som personlege assistentar, må levere politiattest. Lova har tidlegare berre vore gjeldande for dei som jobbar med born og utviklingshemma.

– På denne måten får ein kvalitetssikre tenesta ytterlegare, og luka ut dei som ikkje bør vere der. Spesielt kring demente, som er ei ekstra sårbar gruppe, seier Berit Aasen.

Kommunalsjefen er glad for at også tidlegare narkotikalovbrot vil framkome i politiattesten.

– Det er eit viktig punkt. I pleie- og omsorgstenestene har vi omfattande legemiddelbruk. Statistikken innanfor helsepersonell som nyttar legemiddel som rus er diverre ganske høg. Men om vi no ved ein slik attest kan luke ut dei som allereie er tekne for liknande, så er det veldig bra, seier Aasen.

Mange fleire for kommunen

Aasen trekk også inn samhandlingsreforma, og forklarer at det i dag er langt fleire av dei svakarestilte i samfunnet som kommunen har ansvar for.

– No kjem ei veksande gruppe i samfunnet vårt, dei demente, både eldre og tidlege, inn under lovgivinga om politiattest. Dei kan i mange tilfelle ikkje seie ifrå sjølve om korleis dei opplever situasjonar dei hamnar i, og då er det godt å vite at ein har tilsette på jobb som ikkje har ei forhistorie som kan tilseie at dei kan gjere noko gale. Det er klart, ein kan aldri vite at noko aldri vil skje, men ein har uansett mykje større tryggleik no, seier Aasen.

Lovendringane har ikkje tilbakeverkande kraft, noko som vil seie at dette er endringar som først og fremst vil gjere at ein stiller krav om politiattest i forhold til tilsetjingsprosessar.

– Det er slik med eit nytt lovverk, og det vil ta tid å få det heilt på plass, seier Aasen.