Utstyrsbedrifta Dimo har tilhald på den gamle Godsterminalen på Ytre Hareid. Sidan bedrifta vart etablert med 3 tilsette i 2011 har ordrereserven – og talet på tilsette auka jamnt. I   2015 vart Dimo av Dagens Næringsliv kåra til ei av Gasellebedriftene i Noreg.

– Suksessen vår er i hovudsak at vi er ei lita bedrift som har korte avgjerdsliner og fort kan tilpasse oss endringar i marknaden, kommenterte sals- og marknadssjef Einar Warholm då.

No har talet på tilsette kome opp i 18, og i november 2016 gjekk Dimo ut og søkte etter 4 nye medarbeidarar. To innan service, ein som skal drive med innovasjon og ein prosjektingeniør.

Nærare 150 søkjarar på fire stillingar

– Søknadsmassen har vore overveldande. Vi har fått inn nærare 150 søkjarar og prosessen har derfor tatt litt lenger tid enn vi i utgangspunktet hadde tenkt. Det tek tid å gå gjennom alle søkjarane og vurdere seg fram til dei rette, forklarer Stian Garnes, dagleg leiar i Dimo.

Dei nytilsette kjem til å få fine arbeidsforhold. Nybygget, som no er under fundamentering blir på 360 kvadratmeter, fordelt på tre etasjar. Der skal det bli plass til fleire kontor, møterom og ny kantine. Påbygget vil i fasaden mot sjøen gå i flukt med gamle godsterminalen, og Garnes opplyser at også gamlebygget vil bli oppgradert.

Sporstøl Arkitekter i Ulsteinvik har teikna nybygget, og integreringa til det gamle bygget.

– Utvendig skal dei to bygga stå fram som eitt, fortel Garnes.

Rise Bygg er hovudentreprenør

Rise Bygg har hovudentreprisen, og lokale bedrifter som Hareid Elektriske og Hareid Rør er hyra inn.

– Signalet vårt til Rise Bygg var at vi ønskjer lokale aktørar, dersom dei er konkurransedyktige.

Hovudsatsinga til Dimo er hydrauliske system, komponentar og service, pluss ein del komplementære produkt inn mot kundane. Til like med mange andre bedrifter har også Dimo satsa på offshore, men har heile tida hatt fleire bein å stå på. Både fiskeri og ferjer har no ein stor nybyggingsaktivitet, og dette nyt Dimo frukter av.

Slik vil det gamle og det nye bygget rigge i lag. Illustrasjon: Sporstøl Arkitekter.