Aslaug Thingnes Bø og Klemet Bø har fostra opp to gutar som begge er i verdstoppen i skiskyting, og søndag kveld vil dei fortelje korleis dei har fått til det. Mor Aslaug er fysioterapeut og far Klemet er bonde og snekker. I tillegg sel dei hyttetomter til sunnmøringar. Norunn Stendal Aksnes skal leie samtalen.

Damekoret CorSonus frå Hjørungavåg er musikalske gjester i kveldsmessa. CorSonus hadde første øvinga si for berre halvtanna år sidan, og nå er dei nesten 30 damer frå Hareidlandet som syng i lag for å ha det kjekt. CorSonus betyr hjartestemme, og dirigenten Iris Tangen Nanseth seier dei ønskjer å vere eit kor som syng nye og friske songar.

Beathe Myklebust skal leie kveldsmessa, Bjørn Leinebø er liturg og Dag Johan Flattun sit ved orgelet. Før kveldsmessa er det salmeøving, og etterpå er det kyrkjekaffi på kyrkjetorget.