(Foto:  Algkalv/Wikimedia Commons.)

Foto: Algkalv/Wikimedia Commons.

Færre flaug frå Hovden

Men nedgangen er ikkje så stor som frykta.

I 2016 hadde Ørsta Volda Lufthamn ein nedgang i reisande med 9 prosent. I desember var nedgangen på 8,6 prosent.

Men lufthamnsjef Sverre Bae heng ikkje med hovudet av den grunn. Han skriv til Vikebladet Vetposten at han er godt fornøgd med året sett i heilskap for Ørsta Volda lufthamn/Hovden. Dei hadde rekna med at nedgangen på passasjerar ville bli større.

Passasjertalet var i 2016 på 101 647 kome/reist frå Hovden.

Litt opp på Vigra

Ålesund lufthamn/Vigra hadde litt fleire reisande i 2016 enn i 2015, passasjertalet gjekk opp med 1,1 prosen.

Vigra hadde 780 215 reisande.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten: