Herøy og Sande har forhandla fram ein intensjonsavtale om samanslåing av dei to kommunane. Den nye kommunen skal få namnet Havøy kommune.

Det blir rådgjevande folkerøysting i båe kommunane 27. februar 2017.

Folkerøystinga er avgrensa til dei som bur innanfor kommunegrensa, skriv Herøy kommune på nettsida si.

Røysteretten skal følgje vilkåra for røysterett ved fylkestingsval og kommunestyreval. I tillegg får alle som fyller 16 år i løpet av 2017 røyste. Det blir opna for førehandsrøysting i perioden frå 6. januar til 24. februar i båe kommunane.

I Sande opnar dei for brevrøysting.

På røystedagen blir det opna for røysting i alle krinsane i kommunane. Det blir også ambulerande røysting og institusjonsrøysting som ved ordinære kommunestyreval.

Ta med legitimasjon og møt opp og røyst, er oppmodinga.