Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er glad for at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre går over til å bruke nynorsk. (Foto: Noregs Mållag )

Leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag er glad for at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre går over til å bruke nynorsk. Foto: Noregs Mållag

Jublar for turistreklame på nynorsk

Noregs Mållag er svært glade for at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre går over til å bruke nynorsk.

– Vi i Noregs Mållag er sjølvsagt svært glade for at Destinasjon Ålesund og Sunnmøre no går over til å bruke nynorsk som samlande marknadsføringsspråk andsynes turistane, seier leiar Magne Aasbrenn i ei pressemelding.

– Eg håpar det vil styrke reiselivet i området at eigenarten desse stadene har, også viser seg i språket i brosjyrar og på nett, legg Aasbrenn til.

Fram til 2009 brukte Destinasjon Ålesund og Sunnmøre både bokmål og nynorsk. Frå 2010 gjekk dei over til bokmål, men i fjor vedtok årsmøtet i reiseselskapet med overveldande fleirtal berre å bruke nynorsk. Aasbrenn og Mållaget set pris på argumentasjonen til styreleiar Bjarne Rekkedal, som seier at når ein er stolt av lokal mat, bør ein også vere stolt av lokalt språk.

Det var Ørsta kommune og Nynorsk kultursentrum som tok initiativet til endringa i 2015, skriv Noregs Mållag i pressemeldinga.

– Mållaget håpar at argumenta frå Ålesund og Sunnmøre også når fram til Telemark, der det for tida er debatt om marknadsføringsspråket for Rauland i Vinje, seier Magne Aasbrenn. Der bør også bruk av nynorsk i marknadsføringa auke appellen for tilreisande, og då særleg året før 2018, som jo er året då Vinje kommune og heile Telemark skal feire Aasmund Olavsson Vinjes 200-årsdag.

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Mobbesaka i lagmannsretten:

Odd 2 - Hødd LIVE

Bortekamp for Hødd tidleg måndag ettermiddag.

Teknisk utval på mogleg synfaring:

Naboar protesterer mot bustadblokk

Ulsteiningen Leif Klokk står bak mikrobryggeriet Klokk & co:

Lever ut øldraumen